På ein tur for litt sidan, kom det på tale at vi skulle prøvd å fått til ein klubbtur med overnatting snart. Det er ikkje lett å få slikt til å passe for alle som vil vere med, men vi klarte å finne eit par dagar som sto ledige på kalenderen til dei ivrigaste av oss. Når tida nærma seg, såg det i følge yr og storm ikkje ut til at vi skulle få særlig klaff med vêret, men på tur skulle vi, uansett!

Mens vi pakka i kajakkane på Kjeldsund,
plaska regnet ned, og når vi endelig var klare for å legge utpå, toppa det seg med lyn og buldrande tordenskrall. Vi lurte nok ein augneblink på om vi burde "snu i tide", men la i veg med friskt mot og klokketru på at vêret ville lette etterkvart.

Og letta gjorde det!

Etter at Dragsundet var passert og vi hadde baugen retta mot Myrvågneset, skein det av og vart sommar!

Vi padla vidare innimellom holmane bortover mot Kristofferholmen, der vi tenkte å ta ei lita ilandstigning i det fine veret. Etter at alle ni i følget hadde kome seg på land, tok det til å regne igjen....

Like fort som sommaren kom, var han borte igjen, og skodda kom mot oss som ein grå vegg. Vi bestemte oss difor for å legge kursen direkte mot Kvitøya, der vi skulle slå leir for natta.

Ved ilandstigninga på Kvitøya, hadde den tjukkaste skodda letta.

Trollsk :-)

Kvelden heldt fram i same stil, med veksling mellom godvêr og høljeregn. Det la likevel ingen dempar på stemninga, og vi kosa oss med god mat og godt selskap.
Med tørr, medbrakt ved, blei det skikkelig leirbål også!
Etter at ungane hadde teke kvelden, kosa vi vaksne oss ved bålet til langt uti dei små timar....

Etter ei god natt med tromming på teltduken, vakna vi til ein strålande dag!

Vi laga god frukost, før vi pakka i båtane og la utpå igjen.
Yes! Ein båt!

Trygve syns det var skikkelig kult å padle på hekkbølgene til dei få båtane som passerte.

Å padle tett inntil land er super teknikktrening...., og veldig gøy!

Pausa tok vi på Veøya.
Undervegs i dag ropte Trygve til meg:
"Mamma! Velt, da!"
"Nei, ikkje no" svarte eg...
"Det er viktig å trene på det!" ropte han tilbake :-)
Trygve er ikkje redd for å trene! På slutten av turen hadde han ei god økt....

.....med hopp frå kajakken
.....og klatring oppi igjen :-)
Dette var første overnattingsturen vi har vore med på i klubbregi, men det blir ikkje den siste! Til tross for vekslande vêrtilhøve har vi kosa oss veldig. Det treng ikkje vere godvêr når ein er kledd for å tåle vatn, og det er vi sjølvsagt når vi padler kajakk.
Med på turen var gemalen og eg med våre tre barn. I tillegg var Eldar, Jan, Elin og Hege med.